Folketannrøktar, står det om Magne Bø i Bygdabok for Lesja. Sjølv om mange kjende den trauste karen bak eit munnbind, er det med fela han har markert seg.

Han vart fødd på Lesjaskog i 1924. Far Sølfest kom frå Vågå og kom til Lesja i forbindelse med anleggsarbeidet på Raumabana. Mor Ragna kom frå Lesja. Dei bygde seg heimen Skogstad, i nærleiken av skulen på Strand. Der kom det etterkvart til åtte barn. Det var ein musikalsk og livleg heim. Far sjølv spela fele og munnspel, fleire av barna spela både fele, gitar og trekkspel. Det var ein heim med mykje humor, musikk og godt humør. Magne lærte seg tidleg å traktere fela, og interessa for både folkemusikk og klassisk musikk dukka opp. Det var ikkje tvil om at det sat eit stort talent i guten, sjølvlært som han var. Felespelarar fantes det få av på Lesjaskog, den gongen som i dag. Det var ikkje mange å lære av.

I starten av 20-åra gjekk turen til Volda. Først gjekk han gymnaset, så sto lærarskulen for tur. Dette var første gong han kom i kontakt med ein profesjonell musikklærar, og fekk ordentleg opplæring. Interessa for musikken vart enda sterkare etter dette. Etter to år var han ferdig utdanna lærar. Han vart å finne bak kateteret på skular både i Lesja og Alvdal, før det vart gjort eit karriereskifte. 30 år gamal sette han seg på skulebenken igjen, det var tannlegehøgskulen i Oslo som sto for tur. Bror hans, Reidar, hadde fullført same studie nokre år tidlegare. Fire år seinare gjekk han ut, og fekk sin første tannlegepost i Trysil. I 1959 kom han til Dombås med kone og etter kvart to barn. Her starta han som skuletannlege i Dovre.

Nybrottsmann

Det var på denne tida Simen Wigenstad vart kjend med Magne. Wigenstads far, Tor, var spelemann, og det tok ikkje lang tid før Magne dukka opp med fela si.

– Ein gong eg var i stolen hans som pasient hugsar eg han sa at dersom eg steller tennene dine no, så må eg få alle notane til far din, fortel Wigenstad, som også fekk gleda av å spela med Magne i spelemannslaget.

Wigenstad valde også tannlegeyrket, og dei to hadde mange gode samtaler om både folkemusikk og tannlegeyrket. Sjølv om det var fela som låg hjarta nærast for Magne, heldt han seg oppdatert på faget sitt.

Wigenstad den eldre og Magne spela saman som underhalding i forskjellige samanhengar. Magne vart godt kjend med andre spelemenn rundt om i Dovre, og i heile Nord-Gudbrandsdalen.

Slik gjekk det til at Magne vart ein dei som var med da Dovre spelemannslag starta i 1963. Her vart han musikalsk leiar. Medlemmane fekk nyte godt av Magne sitt musikalske talent og gode leiarskap. Dei gjorde nybrottsarbeid innan spelemannslaga, da dei var av dei første som spela etter noter. Magne arrangerte, og teikna sirlege noteteikn. Han var godt førebudd, og så profesjonell som ein amatør kan vera.

Dovre spelemannslag vart kritisert for å bruke noter den gongen, no har andre kome etter. Dei hundrevis av arrangementa han gjorde vert brukt av spelemannslag den dag i dag. Magne var også med på å starte Dovrekvintetten, som har spela opp til mang ein dans i Dovre i bygdene rundt om.

Entertainer

Komponerte gjorde han også, jamt og trutt. Gjerne til spesielle anledningar, men også når det berre dukka opp ein fin melodi. Frisk gammel-kar er ein leik om far hans. Leiken Spelemannsminner vart laga til ei konkurranse NRK arrangerte i 1970. Han vann ikkje, men fekk så god plassering at han fekk reise til Oslo og spele leiken som solist saman med eit orkester. Same året gjekk han heilt til topps i landskappleiken. Det var ei stor oppleving.

Det er nokre tv-opptak av Magne å finne i NRK sine arkiv. Her kan ein tydeleg sjå at han er det vi i dag kan kalle ein ”entertainer”. Både mimikk, stemmebruk og innleving, og med ei god stemme. Det var ikkje utan grunn at han var med å starta mannskor på Lesjaskog på 50-talet. Han kunne kunsten å halde publikum i si hule hand. Han likte seg på scena, og var der med heile seg.

– Han sa det ein gong, at det er no vel skodespelar eg skulle ha vore, fortel Wigenstad.

Han var lett å lesa. Du kunne sjå det på heile kroppen når han var nøgd med noko. Spontan og open, lett å koma inn på og ein inkluderande kar. Lun, med eit snilt og roleg blikk.

– Han var inspirerande, og fekk lett med seg andre. Han var ein god leiar, seier Wigenstad.

to sider: Tannlege Magne kunne gjerne spela for pasientane sine.

Også pasientane fekk nyte godt av Magne sine musikalske evner. Var det ein pasient som var nervøs og spent før tannlegebesøket tok Magne gjerne opp fela, og spela ein leik. Musikken fekk pasienten til å slappe av, Magne fekk gjera det han lika aller best. Det var ein vinn-vinn situasjon. Etter som åra gjekk vart han meir og meir spelemann, både i sinn og skinn.

Mange hugsar Magne frå kulturskulekonsertar, der han var som lærar. Ein stødig mann, med ei djup og roleg basstemme som støtta unge felespelarar på sine første konsertar. Dei store, gamle hendene som flaut så lett over felestrengane. Han pensjonerte seg frå tannlegeyrket i 1989. Han avslutta tannlegekarriera si som folketannrøktar i Lesja. Da var han 65 år. Lærargjerninga tok da til på nytt, med elevar i kulturskulen både i Lesja, Dovre og Sel. Han var ein god pedagog, og hadde stor glede av å lære den oppveksande slekt kunsten med å spele fele.

Musikkinteressa heldt seg ved lag heilt til han gjekk bort i 2005.

– Han var svært dyktig til amatør å vera. Magne hadde ei heilt spesiell interesse for musikk, og var veldig musikalsk av seg. Han var grundig i alt han tok seg til, og var raus overfor andre spelmenn, fortel Wigenstad.

Felesjel

Mange aktørar tek del i konsertane ”Med sjela i fela”. Det skal ikkje vere ein minnekonsert, men ein konsert der arbeidet til Magne vert sett inn i ei ny tid.

– Han var nyskapande, og gjorde mykje nytt. Det vil vi ta vidare på konsertane, fortel Mette Vårdal i Kultivator.

Ideen kjem frå Egil Ulateig og Spelemannprosjektet. Han har arbeidd i mange år med å få sett ljos på musikaren og personen Magne Bø. Dei vil i denne framsyninga formidle det vakre og det vanskelege i livet til ein felespelar.

Det er mange deltakarar på konserten, som bidreg med både tekst og tonar. Bjørn Kåre Odde, Bjørn Sigurd Glorvigen, Dovrefjell Disharmoniske Selskab, Endre Skjåk, Lom spelemannslag, Mari Midtli, Marit Rusten, Vegar Vårdal, Øyvind Sandum og Åsmund Reistad er namna som står på plakaten. Det er tekst og musikk, både av Magne sjølv og av andre.

– Som dei gamle spelemennene blei han både beundra og frykta. Og kan hende var det ikkje alle som såg verdien i det arbeidet han la ned som musikalsk entusiast for den lokale musikken. Dei som kjente Magne Bø, og alle dei som kjenner musikken hans, veit at han gjennom heile livet la sjela i fela. I gode stunder, og i vanskelege tider.

Etter konserten vil Egil Ulateig og Rasmus Stauri samtale om livet til bygdemusikaren.

to sider: Tannlege Magne kunne gjerne spela for pasientane sine. Foto: Folkemusikkarkivet.