Både Nedre og Øvre Dørålsseter melder om auke frå i fjor, trass vekslande ver i sommer. Haverdalsseter i Haverdalen har hatt ei lita auke i omsetning.

God reklame

Nedre Dørålsseter hadde besøk av sju internasjonale journalister i august. De var på rundreise i Rondane i regi av Visit Norway og Nasjonalparkriket Reiseliv. På Dørålsseter fekk dei mellom anna guida tur til Digerronden, av Karianne Stordal og Henrik Havn Stordal. Drivar Elin Stordal fekk intrykk av at det vil komme ein artikkel eller fleire i internasjonale aviser og magasiner.

– Dei kan jo ikkje love noko, men vi fekk gode attendemeldingar, seier Elin.

Dei meldte seg tidleg på då det var spørsmål om å vere med på ein slik rundtur.

– Det er ei voldsom stor nytte for oss som er så små. Det er ei unik moglegheit for oss å vere med på. I tillegg vart det fantastisk ver, seier Elin.

Gjekk frå Hjerkinn

På Nedre Dørålsseter har det elles vore mykje internasjonalt besøk, og også ein del lokale. Det har vore ei auke på over 30 prosent frå fjoråret. Elin nevner eit par frå Kina, som gjekk frå Hjerkinn til Grimsdalshytta, og vidare til Dørålen.

– Dei hadde sett bilete av ein moskus på ein reklameskjerm på sentralbanestasjonen, og ville sjå den. Så då tok dei toget til Hjerkinn, og gjekk vidare frå der, seier Elin.

Sesongen vart forlenga med eit par veker, og avslutta med ei gruppe på 18 svenske fotografer som var ei heil veke for å fotografere området.

– Mange har vore her før, sidan 80-talet, fortel Trond Stordal, mann til Elin.

Mykje folk i fjellet

Paul Rindal på Øvre Dørålseter merkar óg auke etter sommaren. Sjølv om dei no har stengt, er det enno mykje folk i fjellet, spesielt i helgene.

– Det har vore ein fin sommer, særleg når ein ser på kor veret har vore. Juli var spesielt bra, seier Rindal.

Auker produksjon

I Haverdalen har Knut Ståle og Daeng Sætrom og familien hatt fullt opp på thaimatbuffeten som dei serverer kvar laurdag. Dei har hatt auka omsetning, utan store endrinar i besøkstal. I sommer har dei bygd ny mjølkebu, for å utvide kapasiteten på setra om sommeren. I 45 år i strekk har det vore setring med mjølkeky i Haverdalen. Dei heimelaga produkta er ettertrakta.

– Vi vil auke med 2-3 kyr til neste år, og sjå det an noko, seier Knut Ståle.

Elin og Trond Stordal på Nedre Dørålsseter. Foto: Privat