Ekteparet frå Dovre har i mange år hjulpe til, hjå venar og naboar. Sjølv om dei meiner dei har roa seg siste åra, er det fleire som set pris på den gode hjelpa deira.

Støttekontakt

Dei to er foreslått av to, ei arbeider i pleie- og omsorgstenesten i kommunen og ynskjer å vere anonym. Lillian Reitan som Liv er støttekontakt for har også nominert dei to. Grunngjevinga er at dei meiner Liv og Steinar på frivillig basis er til god hjelp for mange, med mellom anna besøk, måking av snø og plenklypping.

– Det er så godt å ha ei slik ei, lovprisar Lillian.

Lillian meiner Liv si hjelp og støtte strekkjer seg utover det som krevs av ho som støttekontakt.

– Ho bidreg ein god del ekstra. Ho vasker og rydder, og ho og Steinar hjelp mange andre. Dei er fenomenale dei to, seier Lillian.

Liv er og støttekontakt til ein person til.

Aktive pensjonistar

Liv og Steinar blir veldig glade og takksame for julehelsinga. Dei to er no pensjonistar, Liv har arbeidd på Fredheim og Steinar på Felleskjøpet. Steinar er aktiv i Lesja og Dovre Hørselsforening, men seier no frå seg styreverva.

Dei to passar på eit par hus for to damer som no er fløtt til Fredheim. I tillegg er det noko snømåking og ein del plenklypping.

– Det har vi jo fått litt betaling for, fortel Liv.

Liv og Steinar er ofte på besøk på Fredheim og vitjar dei to damane, noko som blir sett stor pris på. Før har dei hjulpe dei to damane med ymse gjeremål heime hjå dei.

– Eg trur det er stort behov for slik hjelp, og det blir fleire einslege eldre etterkvart, seier Steinar.