Prosjektet i folkehelsas namn vart ein suksess i 2012, og no freistar ein på nytt, over ein litt forbetra lest. Mellom anna skal no kora få velje ut to songar sjølve.

- Sist var eitt av kora sine nummer sett ned på førehand, og publikum fekk med det like mange versjonar av same songen, som det var kor, fortel Stian Høglien, som er idrett- og fysakkordinator i Nord-Gudbrandsdalen.

Kora kan også forsterke det eine nummeret sitt med sjølvvalde musikarar til eit skikkeleg shownummer, medan eitt nummer skal vera a capella. Eit fellesnummer for alle kora til slutt kjem også til å vera med.

Ny av året er også ein utanbygds uhilda jury, som skal vurdera samklang, formidling, sangglede og originalitet.

Dirigentar for kora er Paul Gunnar Lien for Team Lesja, og Anethe Kleven og Siv Iren Misund for Dovre.

I Lesja er det frammøte torsdag, på kulturhuset, medan Team Dovre møtest fredag kveld, på Dovre ungdomsskule. Alle over tretten år kan delta, og det er nye kor som skal setjast saman.

Finala skal gå i Lom i november.