Politiet i Innlandet skriv i ei melding at det har vorte registrert fleire tilfelle i vårt distrikt der folk har vorte oppringt av personar som oppgjev at dei er frå politiet og ber om id-opplysningar. Diverre har fleire vorte lurt.

– Dette er svindel og vårt råd er å avslutte slike samtaler raskt, heiter det i meldinga.

Politiet i Trøndelag har også fått fleire meldingar om liknande svindel i dag. Her blir det bedt om bankinformasjon frå dei som blir oppringt.

Det er med andre ord god grunn til å vere mistruisk når nokon du ikkje kjenner ringer. Gjev aldri opp personnummer, bankkontonummer eller liknande informasjon over telefon.