Nabo Berit Elisabeth Meiningen har foreslått Trond som kandidat for Viggas julehelsing. Ho meiner han har vore ein god pådrivar for dugnadsarbeid i Nordmo krets på Lora.

Sosialt

Trond tok over leiarvervet for Nordmo Grendautval for cirka tre år sidan, da han meinte utvalget hadde «sovet» for lenge. Resultatet av dette er blant anna ein flittig brukt gapahuk, benker som er sett ut, og rydding og tilrettelegging av råk og skiløype.

– Tronds smittande humør og stå-på-vilje har gjeve resultat, noko som og heile Lesja og andre kan nyte godt av. Det merkast på heile Trond at sosiale sammenkomster i til dømes gapahuken der alle kan vere med, er ”toppen av lykke”, skreiv Meiningen i grunngjevinga si.

Ho skildrar Trond som ein ivrig pådrivar, som lett får med seg fleire på dugnad.

– Om ikkje folk har hatt høve til å stille opp, har han likevel vore å finne i aktivitet i løypa, eller med andre prosjekt, skriv Meiningen.

Ljosløype

Trond set stor pris på å få julehelsinga. Han poengterar at han ikkje er aleine om å gjere arbeidet, at fleire er flinke til å bidra på dugnadar. Nordmo krets tel nesten 130 husstander, og i gapahuken i år har det så langt vore nesten 450 besøkande. I haust vart det mura peis i gapahuken.

– Det er lett å få med seg folk på dugnad, seier Trond.

Kona Anne Kari stiller og gjerne opp på dugnad, sjølv om det har vore mykje «kararbeid» siste tida. Siste prosjekt har vore å få opp ljos i to kilometer av den fem kilometer lange skiløypa på nord-sida av E136 på Lora. Det manglar no berre ei kobling for å få ljos til skigåarane, som gjerne kjem frå andre stader i kommuna for å gå.

– Eg går ikkje på ski sjølv, men eg legg til rette for andre, flirar Trond.

Mange planer

Og det manglar ikkje på idear frå Trond. Meire og betre skilting står på planen, samt rydding av skog og råk i Stavheimsgrenda. Traseen til skiløypa skal forbetrast, slik at det raskare kan trakkast spor om vinteren. Ein ny gapahuk med betre adkomst for dei yngste i grenda er og eit ynskje.

Mange yngre par har fløtt til Nordmo siste åra, og både Gammeltorp og Meiningen fortel at det er ein ny giv i grenda med dei nye generasjonane.

– Det er nok andre grender som misunner det vi har fått til her, seier Trond, som tykkjer det er triveleg å stille opp for grenda.

– Eg trur at eit slik engasjement kan vere ein god pådrivar for andre grendelag og. Å kunne inspirere andre er veldig bra, seier Meiningen.

Ho meiner det er viktig å ikkje ta alt for gitt, og ville vise med julehelsinga at grenda set pris på den idealistiske innsatsen.

– Lora og andre grendelag blomstrar når vi har slike ildsjelar med oss, skreiv Meiningen.