Nyvald leiar i forumet, Ivar Odnes (Sp), frå Oppland Fylkesting, skal ved fyrste høve freiste å få til møte med statssekretær i samferdselsdepartementet, for å framføre forumet sitt fyrste utspel, om rammene for framtidig godstrafikk på Raumabanen.

I videoen under kan du høyre hovudinnhaldet i uttalen.

Med seg har Odnes førebels med seg formannskapsmedlem frå Rauma kommune, Arne Lillehagen, som nestleiar. Dei andre medlemmene til eit arbeidsutval for forumet blir vald regionvis i etterkant. Det blir ei større sak om etableringa i Vigga fyrstkommande torsdag.

Formålet med forumet,  slik det etter noko diskusjon vart fastsett i vedtektene, vart slik:

Jernbaneforum Dovre- og Raumabanen har som overordnet mål å fremme deltakernes interesser knyttet til utvikling av jernbanetransport på Dovrebanen og Raumabanen.

Sjå intervju med Ivar Odnes: