BankID er meint å brukast til trygg identifisering og signering på nett på banktenester, netthandel, samt tilgang til offentleg etat.

– Er du kunde i SpareBank 1, betyr det at du som nyttar eingongskode på mobil eller BankID på mobil i dag må laste ned og ta i bruk appen så fort som råd, opplyser Kristin Nygård Lonbakken, marknads- og kommunikasjonsansvarleg i Fjellbanken, i ei pressemelding.

For dei som brukar fysisk kodebrikke, og ynskjer å fortsette med dette, er det ikkje nødvendig å foreta seg noko.

Fjellbanken oppmodar om at ein anten kjem innom banken, eller tek kontakt på telefon eller chat, om ein skulle ha problem eller spørsmål.

Samstundes oppfordrar dei til å vera obs på svindel.

– Mottar du e-post eller meldingar med linker er dette forsøk på svindel, seier Lonbakken.