Utgaard fekk tildelt medalja under den høgtidelege skyttartingsmiddagen på Fjellnær på Lesjaskog. Utgaard ana fred og ingen fare då ordførar Steinar Tronhus ba han komme opp på scena. Det var ein tydeleg rørt Utgaard som fekk høyre bakgrunnen for tildelinga, og lista var lang.

Lang liste

Gjennom eit langt liv er og har Utgaard (77) engasjert seg i det meste som er å engasjere seg i i Lesjabygda. I 2015 vil Utgaard passere 50 års frivillig arbeid for skyttersporten, både lokalt og utanom heimkommunen. Han har også vore primus motor i mange andre lag og foreiningar, attåt arbeidet som gardbrukar på Augard. Det er uråd å liste opp alt han har vore med på, det famnar vidt frå ungdomslag, bank, trelast, politikk og fisk. Og det kunne ikkje vore eit betre høve for å gje Utgaard medalja enn på ein skyttartingsmiddag. Under alle fire Landsskyttarstemne på Lesja har Utgaard vore i bresjen og vel så det, han var hovudkomiteleiar både i 1985 og 1995, og hadde ikkje minst ideen som gjorde at stemnet kom til Lesja første gongen.

Sett ut

- Dette var ikkje i min villaste fantasi. Eg vart sett heilt ut, eg er nok svakare for slikt enn folk trur, seier Utgaard dagen etter utdelinga. Mannen er ikkje verken mållaus eller arbeidslaus lengje, herr Landsskyttarstemne på Lesja personleg. At han er spesielt engasjert vil ha ikkje innrømme.

- Det er heilt nødvendig at nokon tek initiativ og gjer jobben. Og dette er ikkje noko eg har gjort åleine, det er viktig å kunne delegere og ha kunnskap om kven som kan brukast på kva plass, seier han.

Køyrer på

Livet som foregangsmann starta allereie i 11- 12 års alderen. Augard var ein samlingsstad for ungane i Bø krets, og Ola var leiar for eit stort dugnadsarbeid. Dei bygde fotballbane på Augardsleira. Skikkelege nedturar og motgang i alt frivillig arbeid kan han ikkje hugse. Han står berre på.

- Når det er ting eg brenn ekstra hardt for kan eg nok vere egoistisk, og køyre på både hardt og brutalt, seier han.

Landsskyttarstemnet er ein av desse tinga han brenn ekstra for.

- Det har betydd noko heilt spesielt. Eg har prøvd å vere med å prege det dei siste 30 åra. Her har eg vore med frå første dag, seier han.

For bygda

Grunnen til det ihuga arbeidet for skytesporten og Landsskyttarstemnet er klar.

- Det er ei grenselaus ærgjerrigheit på vegne tå eiga bygd. Denne medalja delar eg med mange, seier han bestemt.

Han er imponert over bygda sin innsats.

- Eg veit det er ingenting som kan stoppe oss når det gjeld menneskelege ressursar. Vi har tilstrekkelege mengder, og folk med ein fantastisk kvalitet, seier han.

Ordførar Steinar Tronhus delte ut medalje til Ola Utgaard under skyttartingsmiddagen laurdag.
Eit heidersteikn til ein heidersmann.