Bilen var hovudpremien i kampanjen som har pågått det siste året i regi av Vigga.

Torsdag var også Lesja Dovre Elektro heime hjå Solli på Lesja for å montere ladar til bilen, som også var inkludert i premien.

– Den er jo lekker, og god å køyre. Men det er uvant med så ny bil, seier Solli, som er strålande fornøgd med premien.

Vigga gratulerer vinnaren, som vart trekt måndag førre veke. Sjølv om det var tilfeldig, er det lite tvil om at Solli er ein verdig vinnar i konkurransa, der lokal handel står i fokus.

– Dette er fortent. Solli er heilt klart «heimkjær» og brenn for lokalmiljøet på Lesja, og for lokal handel, seier redaktør og dagleg leiar i Vigga, Simen Rudiløkken.

Erik Hoksvold i Lesja Dovre Elektro spanderte el-billadar på Heimkjær-vinnaren Mona Solli. Foto: Vigga lokalavis