Til hest

Vorkinnslien kom onsdag frå Ulekleivsetrene, og hadde akkurat kryssa Hestdalsbekken på ryggen av hesten Vesla, då ho fekk sjå jervtispa med tre unger. Dei fire var omlag 150-200 meter unna, og let seg ikkje forstyrre synleg av gjetaren. Rett etterpå såg Vorkinnslien ein hannjerv, synleg større enn tispa, litt lengre unna.

- Eg hadde akkurat sett ei sjedde med to lam, før eg møtte på jervane, fortel Vorkinnslien.

Hesten var ikkje særleg påverka av møtet, fortel ho. Fredag var Vorkinnslien innover att i same området. Kåre Bakken frå Dovreskogen gjekk også innover med kadaverhund fredag, men måtte snu på grunn av tett skodde.

Det er ikkje funne kadaver etter jerven så langt.

Familiegruppe

- Det er mest sannsynleg den same tispa som vart observert førre veka, seier Esben Bøe, rovviltansvarleg i SNO.

Han seier ei anna tispe i same leveområde ikkje ville bli tolerert av den fyrste. Hannjerven meiner Bøe truleg er far til ungane.

- Dersom det ikkje hadde vore hans ungar, ville han truleg drepe dei, for å få para seg og sikra eiget avkom, seier Bøe.

Han fortel at jervtispa kan vera interessert i hannen frå april til august. Jerven får ungar i februar/mars.

SNO sender rapport på denne observasjonen etter den førre, med nok eit observasjonsskjema, til Rovdata. Det er dei som avgjer om observasjonane kvalifiserer for å stadfeste yngling i dette området.