- NSB-konsernets samfunnsoppdrag er å sørge for effektiv, tilgjengelig, sikker og miljøvennlig transport av personer og gods, heiter det på heimesidene til NSB.

Kor tilgjengeleg og effektiv transporten av personar var i helga, er det fleire som lurar på.

Asbjørn Amble, rektor ved Dombås Fjellskule, vil gjerne ha svar frå selskapet på kvifor det ikkje vart sett opp alternativ transport ved ei planlagt stenging. Sjå video under.

- Det stemmer ikkje heilt at det ikkje var sett opp alternativ, seier kommunikasjonssjef Åge Christoffer Lundeby i NSB.

Kostnadsvurdering

Det var vurderingar i høve til erfaringstal frå tidlegare helger, der NSB erfarer at 1/3 av kundane deira blir borte, samstundes som det er eit kostnadsspørsmål, i følge kommunikasjonssjefen. Han viser også til at dei toga som var innstilte utan anna alternativ, gjekk det ikkje an å bestille billettar til, tre månader før.

- Er det ikkje tenkjeleg at de mistar potensielle framtidige kundar på grunn av usikkerheit for kva tog som går?

- Vi informerer så grundig, at vi er ikkje redde for å miste kundar. Får du kjøpt billett hjå oss, stiller vi opp. Og det reknar vi med at folk har tillit til, seier han.

Samfunnsoppdraget vil han ikkje blande inn.

- Dette er kommersiele tog, som vi ikkje mottek støtte for, og difor må vi vurdere kost nytte i høve til kor mange som nyttar seg av tilbodet. Likevel er det klart vanskeleg å møte ein visjon om effektiv og tilgjengeleg persontransport, all den tid vi ikkje kan bruke skinnene, seier Lundeby.

- Undergrev eiga verksemd

Leiar for jernbaneforum for Dovrebana Sør og Rauma- og Dovrebanen, Ivar Odnes, reagerte med vantru då han fekk servert historiene om manglande alternativtransport sundag. Mange har delt sine historier, og han attendeviser NSB sine utsegner om at det har vore informert i god tid.

- Eg har fått historier frå folk som har bestilt billettar, og som har vorte ståande utan korkje buss eller tog til å koma vidare, seier Odnes.

Han meiner det er uforståeleg at NSB i ei slik stor utfartshelg kan ta frå folk eit kollektivt reisealternativ, særleg i ein region som har få alternativ.

- NSB er med på å undergrave si eiga verksemd, ved å skape usikkerheit omkring eige produkt, seier han.

Han kjem til å rette førespurnader til NSB om dette er ei eingongshending.

I følge kommunikasjonssjef Lundeby, kjem det same til å skje også i to helger til i sommar, fyrste gong 13. og 14. juni, og så i august.