Administrasjonen i Dovre, ved kommunalsjef Rune Pettersen, har fått seg framlagt alle spørsmål saka reiser, men ønskte likevel ikkje å gå nærare inn i saka.

Vi trykkjer det skriftlege svaret vi har fått frå kommunalsjefen her:

”Dovre kommune er gjort oppmerksom på at vi er fritatt fra taushetsplikten, men ønsker likevel ikke å kommentere detaljer i saken.

Dette er en sak som både administrasjonen, skolen og miljøarbeidertjenesten tar på alvor.

Det har i enkelte perioder, for alle parter, vært en utfordrende situasjon da tiltakene krever store personellmessige ressurser, men det arbeides kontinuerlig med å sørge for at vedkommende får oppfylt sine rettmessige vedtak. I denne saken er det viktig å finne gode løsninger og å være fleksibel til det beste for den det gjelder.

Vi ønsker å presisere at vi arbeider tett med spesialisthelsetjenesten/ habiliteringstjenesten som har god kompetanse på forholdene rundt denne brukeren.

For Dovre kommune er det svært viktig at alle brukere får et best mulig tilbud uavhengig av tjenestenivå de måtte ha behov for. ”

- Behov for større folkesetnad

Det var denne artikkelen om årsrapporten til Pasient-og brukarombodet (POBO), som fekk familien Bonsaksen til å ta kontakt med Vigga.

- Ein kjem ikkje unna eit større folkesetnadsgrunnlag for å drive gode kommunale tenester, seier Pasient- og brukarombod i Hedmark og Oppland, Svein Hanssen, til Vigga 20. februar.

Samarbeid

Ombodet legg i rapporten vekt på at det er vanskeleg for mange små kommunar å legge til rette, for eit bra tilbod, særleg til folk med større samansette behov.

- Dersom fleire driv saman, får ein eit betre tilpassa tilbod av tenestene, seier han.

Han meiner det er naudsynt for mindre kommunar å samarbeide, for å få til tenester som er gode nok. Både fordi forventningane frå folk er høgare, men også for ein stor del fordi stadig fleire oppgåver blir lagt til kommunane.

Kommunane vil difor få bruk for større folkesetnadsgrunnlag, og at dei ialle fall må samarbeide med kvarandre.

Sjå også denne saka

- Ikkje berre bra i store, heller

Norsk forbund for utviklingshemma (NFU) har 8 000 medlemmar over heile landet, som er i tett kontakt med tenester frå kommunane. Vi spurte leiaren om han såg den same problematikken i høve til små kommunar, som Pasientombodet peikte på.

- Korleis opplever dine medlemmar at kommunar yter tenester til utviklingshemma, sett ut i frå kommunestorleik?

- Kommunar fungerer ulikt. Det er ikkje tvil om at det kan vera meir kompetanse i store kommunar, men i den grad det er ein målbar skilnad på tenestenivået, går den mot at det er betre i mindre kommunar, seier Jens Petter Gitlesen, leiar i NFU.

Mellom anna er berre eit fåtal kommunar utan avvik i høve til tvang og makt, seier han.

- Jamt over har folk som er utviklingshemma behov for bistand heile livet, og det vanlegaste i kommunane er nok at det er veldig vanleg med vedtak om for få tenester, seier Gitlesen.

Han ser heller ikkje kommunesamanslåingar som eit eureka i høve til omsorgen for menneske.

- Det er sikkert fornuftig med samdrift i høve til planlegging av vegar, men når de gjeld menneske er eg livredd for effektiv drift. Og det blir ikkje nødvendigvis betre med betre kompetanse, for i store kommunar må kompetansen inn i kompliserte system, der menneska fell igjennom. Slik kan mindre kommunar vera betre, fordi det kan vera lettare å nå igjennom byråkratiet, og enklare når fleire kjenner den det gjeld, seier han.

Han meiner at samarbeid om tenestetilbod ikkje nødvendigvis er heldig, til dømes med avlastningsbustader.

- Dersom vi meiner noko om inkludering, må vi ikkje byrje å flytte folk over kommunegrensene. Men det er flott om kompetanse kan delast mellom kommunane. Siktemålet er uansett at også utviklingshemma skal leva eit aktivt og meiningsfullt liv.

FAKTA

NFU ble stiftet i 1967, og har i dag ca. 8000 medlemmer. Aktiviteten er fordelt på 19 fylkeslag og 188 lokallag over hele landet. NFU har mer enn 2000 tillitsvalgte.

NFU er en viktig pådriver for å bedre levekårene for mennesker med utviklingshemming. Dei er også en viktig høringsinstans i alle saker som vedrører menneske med utviklingshemning, nasjonalt og internasjonalt. Kjelde: nfunorge.org

Bistand frå Habiliteringstenesta

Habiliteringstenesta høyrer til under spesialisthelsetenesta, og er for Oppland lokalisert til Sykehuset Innlandet på Lillehammer.

- Det stemmer at vi er inne i saka. Vi er inne og gjev bistand, og har ein konstruktiv dialog med både familien og Dovre kommune, stadfester Bodil Ulimoen, som er seksjonsleiar for Habiliteringstenesta i Oppland.

Det er frå Habiliteringstenesta sinnemestringstreninga er sett saman. Ulimoen seier dei har til hensikt å vera med å bidra så lenge dei trengs, men ho ønskjer ikkje å gå nærare inn i saka.

- Vårt utgangspunkt er å tenkje pasientens beste, og er usikker på om vi bidreg til det i eit avisoppslag, seier Ulimoen.

Ho seier at ho ønskjer at dei heller skal bidra fagleg direkte i kontakt med det kommunale tenesteapparatet og dei som er brukarar av habiliteringstenesta.

FAKTA

Habilitering er forstått som tidsavgrensa, planlagte prosessar med klare mål og verkemidlar, der fleire aktørar samarbeider om å gje naudsynt bistand til brukarens eigen innsats, for å oppnå best mogleg funksjons- og mestringsevne, sjølvstende og deltaking sosialt og i samfunnet. (kjelde: Sykehuset Innlandet)

Det var denne artikkelen om årsrapporten til Pasient-og brukarombodet (POBO), som fekk familien Bonsaksen til å ta kontakt med Vigga. (Faksimile frå Vigga 7/14) Foto: Lokalavisa Vigga