No krev dei vassavgifta attendebetalt, og vil ikkje betale ny så lenge vatnet dei får i kranene frå det kommunale vassverket, ikkje er godkjent som drikkevatn.

Ikkje godkjent

I eit brev til kommunen, etterlyser 23 skogingar både informasjon og redusert vassavgift, og får til ein viss grad medhald frå Hovhaugholen.

- Det er klart at etter leveringsvilkåra til kommunen, skal det vera drikkevatn, det har det ikkje vore, seier Hovhaugholen, som likevel understrekar at kommunen må sjå på dette administrativt.

No kjem saka opp. Fullfinansieringa av eit nytt vassverk på Dovreskogen ligg på bordet til politikarane i kommunestyremøtet i Dovre 10. mars.