Fleire punkt i regionen

Øyvind Frich stadfester at dei har slike planer for Hjerkinnhus. Ishavsveien har sendt søknad til Transnova, der dei ønskjer midlar til både Dombås- og Hjerkinnetableringa, i tillegg til punkt ellers i regionen.

Ishavsveien skal også ha klare avtaler med aktørar i Lom, Vågå og på Otta, om tilsvarande.

Det er prosjektleiar for Ishavsveien AS, Marie Frogner, som fortel dette til Vigga.

Kan bli lengre behandling

Transnova kan ikkje stadfeste kor mange søknader dei har fått inn, ti dagar før fristen går ut. Dei signaliserer også i sitt strategidokument, som no er ute på høyring frå Samferdselsdepartementet, at det kan koma ytterlegare krav og behandlingstid undervegs i søknadsrunden til ladestasjonar på fjellovergangar.

Det forklarar Asbjørn Johnsen i Transnova kjem av behovet for å ha risikovurderingar, knytt til etablering i såkalla kuldeutsette område, der det ellers er lite busetnad og folk.

- Kan bli noko stort

Eigar av Hjerkinnhus, Øyvind Frich, er glad for å vera med på starten av det han trur kjem til å ta av skikkeleg i åra som kjem.

- Dombås og Dovre kommune kan vera med på noko stort, sidan Noreg er leiande på elbilar allereie, kan vår måte å gjera det på bli mal for fleire land ute i Europa og i verda, meiner han, og understrekar at det er denne delen av prosessen han likar best, når alt er i støypeskeia.

Han har underteikna kontrakt med Ishavsveien AS, og vart sjølv overraska over at Hjerkinn er peikt på som ei sental plassering. Han ser no at det kan gje rekkevidde nedover Østerdalen via Folldal, og mellom Dombås og Oppdal, for bilar som ikkje har den lengste rekkevidda.

Frich fortel at også andre aktører har vore i kontakt med han, både for Hjerkinn sin del, men også på verksemder han driv i Oppdal og i Østerdalen.